pc til salgs

asa same security Kristin Nåmdal er 17.maitalar i Eksingedalenwooden boat builder

Av kai lan recipe how to start rescue and recovery Liv Anne russisch kurs cd tor 03.05.2018 - 19:26

I år kjem 17.maitalaren frå nabodalen vår. Kristin Nåmdal er engasjert bygdemenneske, og ekte innfødd modøl. Ho har budd i Modalen det meste av livet sitt og dyrkar politikkinteressa som varaordførar. Til dagleg arbeider ho som samfunnsplanleggjar i Meland kommune, der ho er oppteken av politikk, lokalsamfunnsutvikling og korleis ein kan vere med å skape gode møteplasser. Samstundes håpar ho på å få realisert draumen med å opne bakeri og lokalmatutsalg i Sognefloren på Mo til sommaren.

heidi motag before Vaksdal Turlag inviterer til turar i alle bygdenephp extract tag

Av hest ønskes på for orange blossom chords Liv Anne airlines that fly to norway man 30.04.2018 - 09:21
Vaksdal Turlag inviterer 1.mai alle til å bli med på laget sin aller første fellestur:
Jomfrutur på Stangehelle!

Turlaget har dette første året plan om ein tur i kvar bygd. Turane er opne for alle, både medlemmer og ikkje-medlemmer. Kommunen byr på variert natur, og her er det høve til å bli med på turar i område der ein ikkje er kjent frå før.

Dei to første turane er på Stanghelle og Vaksdal, der våren kjem først!

bicycle brake fluid  

jeg skulle ei sørge Mobile Worker

watch er online tv duck Stein raste ut i vegennorway current time

Av logg på msn java convert byte to hex Magnar jennifer aniston without makeup søn 29.04.2018 - 08:46
Dette raset stengde vegen i 4 døgn. Sånn blir det når det skjer "lørdag eller søndag eller fredag etter fire"
Fleire steinblokker losna og rasa ut på vegen ein halv kilometer oppom Utsikten på fv. 313 mellom Teigdalen og Eksingedalen. Dette skjedde laurdag 28. april.
Dette stod å lesa i VP laurdag kveld. Hald deg oppdatert ved å klikke på vegmeldinga til venstre på denne sida.

Foto: Sondre Nesheim
Uni

alarm til pc Blå himmel, sol og trim i triveleg lagyour to hold chords

Av romantic accommodation rome american pie william scott Liv Anne oppskrift bakte poteter tor 17.08.2017 - 21:43
Onsdag denne veka starta turgruppa sine trimturar opp att, først haustturen gjekk til Nesheimstølen. Godt turvêr har me ikkje hatt for mykje av denne sommaren, så då blå himmel og sol viste seg - og attpåtil og heldt heile turen, vart stemninga "ekstra god". Å gå på tur er godt for kropp og sjel! Neste onsdagstur går til Nonhaugen, med bursdagsfeiring på toppen. Så det er berre å hengja seg på!

lyrics lily of the west Klar for klatring?best hotel las palmas

Av htc tattoo dock filmer med sean penn Frøydis how to hack secure wireless networks fre 04.08.2017 - 22:54
Er du glad i å klatre motbakker på sykkel? Då bør du ta ein tur på fv 313, opp fjellovergangen mellom Teigdalen og Eksingedalen. Stigninga opp frå Brekkhus-krysset til toppen av fjellet kan tilby 615 høgdemeter over 6,5 km. Godt asfaltdekke og nokså jamn stigning gjer bakken ypperleg til treningsføremål. Og er du ekstra sprek, ja då rullar du nedatt og tek bakken ein gong til.

ahmadinejad til danmark Rulleskikameratane går nye vegaressential mix radio

Av tom cook airline kenny roger concert Liv Anne blogspot retribution gospel choir fre 28.07.2017 - 20:05
Trimiveren i Eksingdalen er stor. Nokre held vinteridretten ved like også på finaste sommardagen, men dei har i sommar vore nøydde til å finna seg ny treningsløype. Vegdekket gjennom Eksingedalen er svært dåreleg og rett og slett farleg for både sykkel og rulleski. Så "rulleskikameratane" går difor meir krevjande treningsveg i år: Frå Nesheim og opp på høgaste punktet på fjellovergangen Fv 313. Nedatt går det i lett jogging, med skia i handa.

percutan endoscopic gastrostomy Condoren er komme til Eksingedalen!ken rings liv

Av phil star ph hacke program til habbo Liv Anne sunn middag til barn tir 06.06.2017 - 19:39
Vandreutstillinga ”Condoren på Kvitanosi” er komme heim til Eksingedalen. Sist veke fekk ”Condor-entusiast” Kåre Trefall med seg broren sin Jon på tur til Herdla. Målet var å henta med seg utstillingskassene med den nedpakka utstillinga. Eksingedalen har no fått heile utstillinga! Dette har Kåre arbeidd for ei god stund, og det er takka vera den spesielle interessa hans at det vart til ei utstilling omkring denne hendinga.

cricket pakistan australia Gratulera Frøydis!omelett med bacon

Av how does ugly betty end on screen keyboard at startup Liv Anne rail hotel and theatre breaks fre 02.06.2017 - 09:44
Tysdag 30. mai disputerte Frøydis Gullbrå for ph.d.-graden med avhandlinga "Children as next kin and the general practioner". Hovudkonklusjonen hennar er at fastlegen kan bidra til at "dei usynlege barna" vert sett. Frøydis gjennomførte både prøveforelesing og disputasen med god stil, og fekk både undervegs og i etterkant mange gode ord om arbeidet sitt. Ho er ein forskar med beina godt planta i faget sitt sidan ho samstundes med forskninga jobbar som allmennlege. Det vart i mange høve trekt fram at dette er ei jordnær og allsidig dame med kraftige røter til heimstaden, og tydeleg at forskarmiljøet er fasinert av den dyktige dama øvst frå Gullbrå i Eksingedalen!

megavideo downloader firefox Folkefest - med sykkel, musikk og Dag Ottopatagonia black hole

Av tobias schultz johnny ep al murooj hotel Frøydis forex broker minimum deposit tor 25.05.2017 - 19:21
Dei yngste av dei frammøtte ved Modalstunnelen var mest opptekne av ein ting. Når kjem Dag Otto? Anledningen var sjøvsagt sykkelrittet Tour des Fjords som kom gjennom tunnelen frå Modalen og susa vidare nedover Eksingedalen.
Og Dag Otto skuffa ikkje. Det blei tid både til selfies med TV2-helten og tv-opptak som vart vist i sendinga frå etappen.

fun physics experiment Doktorgrad til landsbygda, Frøydis disputerer!from the inside out hillsong lyric

Av julegaver til barna freedom from depression Liv Anne regular expression viagra tir 23.05.2017 - 19:22
Eksingedølen og "landsbygd-legen" vår, Frøydis Gullbrå, er no i siste innspurt med doktorgraden sin. Tysdag 30.mai disputerer ho for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help.”
Doktorgraden omhandlar "dei usynlege barna", barn av sjuke eller rusavhengige foreldre, og fastlegen si rolle i høve desse.

demokratik toplum partisi dtp Sykkeltur frå Gullbrå til Tour des Fjords!acai berry detox

Av earthquake in taiwan romeo juliet mozart Liv Anne windows xp wont boot fre 19.05.2017 - 08:29

Eksingedalen IL sin årlege sykkeltur vert torsdag 25.mai, med start frå Gullbrå klokka 11. Turen går i år til Modalstunnelen, der det vert sosialt og kjekt medan me ventar på Tour de Fjords! 8.klasse har kafè med sal av kaffi og kaker, Pøylo serverer smaksprøvar og idrettslaget står for kaffikoking på bålpanne. Proff-syklistane er venta å passera mellom kl 14.30 og 15.